Komplekse problem, spesialiserte kunnskapar: Kva må gjerast?

16 jan 2020 08:30 16 jan 2020 10:00 NOR

Gunnar Skirbekk (UiB) og Nils Gilje (OsloMet) om kunnskapen vi treng for å handtere de store utfordringane verden står overfor.

MERK: Møtet finn stad i Christie café (Godt brød).

Berekraft-krisa er kompleks. Ingen ekspertise eller disiplin kan åleine gjere greia for det som er i ferd med å skje. FNs berekraftmål er ein illustrasjon på alvoret i denne epistemiske utfordringa: I samfunn der kunnskapen blir stadig meir spesialisert, er det meir enn nokon gong bruk for kompetanse i omsetjing mellom vitskaplege kulturar og for refleksjon over faga sine føresetnader og begrensningar.

Møteleiar: Anders Johansen (UiB)

Gunnar Skirbekk er professor emeritus ved Filosofisk institutt og Senter for vitskapsteori, UiB. Han har nyleg utgitt boka Epistemic Challenges in a Modern World (2019).

Nils Gilje er professor emeritus knytt til Senter for profesjonsstudiar ved Oslomet.

Denne debatten inngår i ein serie møte av relevans for UiBs engasjement med FNs berekraftmål, og blir arrangert i samarbeid med Forum for vitskap og demokrati og SDG Bergen.

Alle er velkomne!